Vinjerock 2017: Falketind

Arrangementsinformasjon
Default file 1492550107

Falketind - Pionerrruta

Gradering: Svart (meir info) God fysisk form og ikkje særleg utvikla høgdeskrekk er naudsynt for å melde seg på turen.

Tidspunkt: 

  • Torsdag 07:45 - 18:00
  • Fredag 07:45 - 18:00
  • Laurdag 08:30 - 17:45

Turen startar frå Koldedalen og den fyrste etappen til foten av foten av Falkebreen er rimeleg lett. Her tek vi på oss breutstyr (breen kan vera relativt rufsete), og set kursen mot Falketinden over breen. Vi går av breen omtrent midt under lågste punkt av ryggen under Falketind. Her held pionerruta fram med enkel klyving. Det er aldri vrien fjellklatring på turen, men det er såpass luftig at vi nyttar tau. Den siste biten mot toppen er som ei sjarmøretappe til toppen som ruvar 2068 moh. 

Turen er i regi av Tyin Aktiv. 

Utstyr:

  • Fjellstøvlar
  • Turklede
  • Mat og drikke

Vi stiller med alt naudsynt bre- og sikringsutstyr.

Oppmøte: Den store parkeringsplassen ved Fondsbu

Felles avreise frå festivalområdet og inn i Koldedalen med bil.

NB! Du må anten ha festivalpass eller jobbe som frivillig på Vinjerock for å kunne delta på denne aktiviteten.

  

 

vinjerock
eidsbugarden
vinje
rock
jotunheimen
valdres
vang
ubekymra
sparebank
falketind

Restriksjoner

Alle påmeldingar til turar og kurs er bindande, og påmeldingsavgift blir ikkje refundert ved avmelding på noko tidspunkt. Deltakeravgifta blir derimot fullt refundert ved avlysning frå arrangørens side, uansett årsak, så lenge det ikkje er å rekne som force majeure.

Det er mogleg å overdra ei påmelding til ein annan person innan 10. juli 2017, men då må du samstundes varsle oss om dette på e-post (stig.oystein@vinjerock.no) og oppgje namnet på den som skal nytte seg av billetten.

Bussbillettar, turar, kurs og Lavvotell kan kun tingast og nyttast av personar med gyldig festivalpass til Vinjerock.

Alle turar og kurs på Vinjerock er gradert i henhald til nasjonal standard. Set deg grundig inn i dei ulike graderingane før du melder deg på turar.

Gradering av turar og kurs:
Grøn: Koseturar i nærleik av festivalen. Korkje form eller utstyr treng vera på topp. Også kursa er stort sett gradert som grøne, då dei er lagt opp som nybyrjarkurs (sjølv om aktiviteten i seg sjølv kan vera noko krevjande).

Blå: Lengre fjellturar med utgangspunkt frå Eidsbugarden. Krev lite anna enn at du er innstilt på fjelltur og at du har med deg fjellstøvlar, turklede samt mat og drikke.

Raud: Formen bør vera grei. Du må veta at du taklar høgder og at du klarar å bevegje deg i bratt terreng både oppover og nedover. Brevandring kan vera ein del av turen.

Svart: Krevjande tur der det er bruk for både tau og sæle. Det kan òg berre vera enkel klyving og luftig rappell. Formen bør vera god. Det same gjeld knea.